Brukte hytta til kompisen for å lage landets kulaste bensinstasjon: – Éin kunde måtte bort og ta på veggen

Publisert 31. juli, 2023

Av: Gjert Myrestrand (91 61 62 20), journalist Fjt.no. Publisert i Fjordenes Tidende 29.07.2023; link (+)

Den nyopna bensinstasjonen til MH24 i Stryn vekker oppsikt. Ein kreativ idé og god gjennomføringsevne har ført til at mange kundar no også må fram med mobilkameraet når dei skal fylle drivstoff.

Dei som stoppar for å tanke opp på MH24 sin nye bensinstasjon i Stryn sentrum trekker gjerne på smilebandet når dei ser den nye designen som kom på plass på stasjonsbygget denne veka.

Bensinstasjonen blei tidlegare i veka kledd i folie som forvandlar den til ei tømmerhytte. Ein må nesten ta på veggane for å skjøne at dette ikkje er eit bygg av tre.

Brukte hytta til ein kompis som modell

– Eg fekk ein idé om å gjere utsjånaden til stasjonen litt mindre industriell. Det er mange hytter i og rundt Stryn, og eg tenkte det hadde vore artig å få foliert dei flate veggane på stasjonen med ein fin hyttefasade, seier Kenneth Svoren, driftsansvarleg for alle bensinstasjonane som måløybedrifta MHService har etablert under merkenamnet MH24.

Svoren sette seg i bilen og køyrde rundt i hyttefelta i Stryn for å sjå om han fann ei hytte han kunne bruke som modell for folien han ville pynte stasjonen med.

– Eg fann ikkje heilt noko som likna på ideen eg hadde i hovudet. Men så kom eg til å tenke på hytta til ein kompis av meg, Åge Oppedal. Han bur i Måløy, men eg har fleire gonger vore på hytta hans på Fagernes. Eg tenkte at den hytta hadde den utsjånaden, fargen og vindauga eg hadde sett føre meg. Så neste gong eg drog på besøk tok eg med eit godt kamera og tok bilde av heile hytta utvendig.

Bilda sende Svoren til Fluorlux, som printa ut hytteveggane i stort format på ein metallfolie, målsett etter veggane på bensinstasjonen.

– Eg synest det blei fint, og det er òg den tilbakemeldinga eg får frå dei eg snakkar med. Kundar og turistar tar fram mobilane sine og tar bilde av stasjonen. Ein svensk turist som fylte bensin torsdag måtte bort og ta på veggen for å vere heilt sikker på at dette var «juks», smiler Svoren.

– Berre kjekt!

Åge Oppedal synest det er artig at hytta hans på Fagernes har fått ein «avleggar» i Stryn.

– Dette er berre kjekt! Kenneth er jo ein kreativ og nevenyttig kar som ikkje gir seg så lett når han får ein idé. Eg synest dette var artig.

Svoren ser ikkje vekk frå å gjere noko liknande igjen.

– I tilfelle må vi bruke ein folie som passar på lokasjonen det er snakk om. Det kan kanskje vere eit naturbilde eller noko anna. Vi får sjå!

Flere innlegg